Leikanger frivilligsentral  er eit nystarta kommunalt tilbod som legg til rette for innbyggjarar, lag og organisasjonar som ynskjer å vere frivillige aktørar. Frivilligsentralen samarbeider tett med andre kommunale tenesteeiningar. Nokre av oppgåvene handlar om å legge til rette for samarbeid, bidra til deltaking for alle som ønskjer å bli frivillige, og ha ei aktiv rolle med å starte opp med nye behovsretta aktivitetar.

Leikanger kommune søkjer etter dagleg leiar i 100 % stilling til å drive dette spanande arbeidet.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Vidareutvikle sentralen
  • Ansvar for dagleg drift med sekretariatfunksjon for styret.
  • Jamleg kontakt med lag, organisasjonar og andre verksemder

Krav til kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskuleutdanning
  • Ved allsidig erfaring kan krav om høgskuleutdanning fråvikast

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og motivert for nye oppgåver
  • Evne til å motivere andre
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre 
  • Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
  • Fleksibel og resultatorientert

Anna:

  • Kjennskap til frivillige lag og organisasjonar
  • Kunne bruke IKT som verktøy
  • Kjennskap til offentleg forvaltning

Leikanger kommune brukar nynorsk som skriftspråk. Stillinga rapporterer direkte til tenesteleiar for samfunnsutvikling og kultur. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og tariffavtalar. Det er 6 månadar prøvetid til stillinga. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Aase Bruntveit Njøs 576 55 604  eller kommunalsjef Gunnar Steine 576 55 609.

Søknad sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist 14. 01. 2018