Leikanger frivilligsentral er eit relativt nystarta kommunalt tilbod som legg til rette for innbyggjarar, lag og organisasjonar som ynskjer å vere frivillige aktørar. Frivilligsentralen samarbeider tett med andre kommunale tenesteeiningar. Nokre av oppgåvene handlar om å legge til rette for samarbeid, bidra til deltaking for alle som ønskjer å bli frivillige, og å ha ei aktiv rolle med å starte opp med nye behovsretta aktivitetar.

Leikanger kommune søkjer etter dagleg leiar i 100 % fast stilling til å drive dette spanande arbeidet. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding. Det er rom for å dele stillinga med ein prosjektmedarbeidar. Frå og med 01.01.2020 vil Leikanger frivilligsentral inngå i nye Sogndal kommune.

Arbeid og ansvarsområde:

  • Innovere og vidareutvikle sentralen
  • Ansvar for dagleg drift med sekretariatfunksjon for styret.
  • Jamleg kontakt med lag, organisasjonar og andre verksemder

Krav til kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskuleutdanning
  • Ved allsidig erfaring, kan krav om høgskuleutdanning fråvikast

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og motivert for nye oppgåver
  • Evne til å motivere andre
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
  • Fleksibel og resultatorientert

Anna:

  • Kjennskap til frivillige lag og organisasjonar
  • Kunne bruke IKT som verktøy
  • Kjennskap til offentleg forvaltning

Leikanger kommune brukar nynorsk som skriftspråk. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og tariffavtalar. Det er 6 månadar prøvetid til stillinga. Løn etter avtale.

Ta kontakt med Malin Riple Vetti 576 55 604 / 920 49 602 dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga.

Søknad sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist 21.04.2019.