Sogn kulturskule
Sogn kulturskule er ein interkommunal kulturskule for kommunane Luster, Sogndal og Leikanger. Leikanger er vertskommune, og kulturskulen sine medarbeidarar er tilsette der. Skulen driv desentralisert undervisning, og har ein eller fleire undervisningsstader i alle tre kommunane. Distriktsmusikargruppa har hovudbase i Sogndal.

Distriktsmusikar - piano
100% stilling (50% utøving, 50% undervisning).

Me ønskjer ein dyktig musikar med minimum 4 års høgare utdanning innan musikk, gjerne med stor fagleg breidde. Søkjaren bør vera engasjert og initiativrik, og kommunisera godt med både born og vaksne. Søkjarar må disponera bil.

Undervisningsdelen består av instrumentalopplæring i kulturskulen, i tillegg til ev. seminarverksemd og instruksjon i ensemble.

Utøvardelen kan bestå av konsertverksemd td. i samarbeid med det frivillige musikkliv, andre distriktsmusikarar, andre musikarar lokalt og elles i fylket, skule- og barnehagekonsertar etter avtale med fylkeskommunen og deltaking i ulike orkesterprosjekt (td. Opera Nordfjord).

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og prøvespel primo mars.

Nærare opplysningar får ein hjå kulturskulerektor Roar Sandnes på 5765 5600.

Epost: postmottak@leikanger.kommune.no
 

Søknad må sendast via vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist 14. februar 2017