Frå 01.01.2020 vil kommunane Leikanger, Sogndal og Balestrand bli ein del av nye Sogndal kommune. No går vi inn i ein periode med samskaping og nytenking i forhold til utvikling av tenesteområda til den nye kommunen.

Leikanger kommune har ledig  100 % nyoppretta fast stilling som fagarbeider ved teknisk uteseksjon. Uteseksjonen har i dag 3 fagarbeidarar og 1 arbeidsformann.

Hovudoppgåvene til stillinga er drift  og vedlikehald av kommunen sine vass- og avløpsanlegg.  I dette inngår m.a. drift av eksisterande hovudleidningar for vatn og avløp, pumpestasjonar, høgdebasseng, anlegg for handtering og reinsing av vatn og avløp m.m. Stillinga vil også få andre oppgåver innan teknisk drift og i kommunale bygg. Det kan bli aktuelt å delta i kommunal vaktordning.

Ønskjelege kvalifikasjonar :

  • fagbrev innan røyrleggarfaget eller anna relevant fagbrev.
  • erfaring frå drift av kommunaltekniskeVA – anlegg.
  • ADK – sertifikat.
  • erfaring med bruk av leidningskart/VA-teikningar og driftskontrollanlegg.

Personlege eigenskapar:

  • samarbeida godt med andre
  • arbeide sjølvstendig og ha god gjennomføringsevne
  • vere målretta, systematisk og resultatorientert

Vi kan tilby:

  • faglege utfordringar og sjølvstendige oppgåver
  • eit inkluderande, triveleg og godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning
  • Leikanger kommune er ei IA-bedrift

Den som vert tilsett må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil. Godtgjersle etter gjeldande regulativ.
Det er 6 månader prøvetid i stillinga. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og tariffavtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Per Gjerland  telefon  57655623 / 48033815 eller teknisk sjef Ervin Beheim 57655624 / 97524382.

Søknaden sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist 7. januar 2018.