Kontoret har ansvar for arealplanlegging, kart- og oppmålingstenester, byggesaker, landbruksforvaltning, VA-området, vegar og kommunale bygg, samt ansvar for kommunen sine bygge- og anleggsprosjekt.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • utvikling og drift av VA-området
  • prosjektleiing for kommunale prosjekt
  • delta i kommunen sine vaktordningar – tekniske anlegg, brann og redning
  • forvaltning og utvikling av kommunen sine eigedomar

Kvalifikasjonar:

  • utdanning frå høgskule eller teknisk fagskule
  • relevant erfaring frå privat og offentleg sektor
  • god kjennskap til Plan- og bygningslova vil vere ein fordel
  • god økonomiforståing

Personlege eigenskapar:

  • vere målretta, systematisk og resultatorientert
  • arbeide sjølvstendig og ha god gjennomføringsevne
  • samarbeida godt med andre
  • gode norskkunnskapar

Vi kan tilby:

  • faglege utfordringar og sjølvstendige oppgåver
  • eit inkluderande, triveleg og godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning
  • fleksitidsordning

Den som vert tilsett må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil. Godtgjersle etter gjeldande regulativ.
Det er 6 månader prøvetid i stillinga. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og tariffavtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til teknisk sjef Ervin Beheim 57655624 / 97524382.

Søknaden sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist 24. februar 2018.

Leikanger kommune med 2300 innbyggjarar er Sogn og Fjordane sitt administrasjonssenter med høgkompetanse knytt til Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Statens vegvesen, NAV og DIFI. Regionsenteret Sogndal med sitt høgskule- og forskningsmiljø og direkte flysamband til Oslo og Bergen ligg 20 min unna. Leikanger er kjend for frukt, reiseliv og unike friluftsaktivitetar.

Frå 01.01.2020 vil kommunane Leikanger, Sogndal og Balestrand bli ein del av nye Sogndal kommune.