Leikanger kommune har ledig 100% fast stilling som leiande fysioterapeut frå 1/8-2018. Tenesta er lokalisert i nye lokale ved Leikanger helsesenter, som også omfattar legesenter, helsestasjon og pleie- og omsorg. Kommunen har om lag 3 årsverk for fysioterapi, der 1,8 årsverk er kommunalt tilsette og 2 er privatpraktiserande fysioterapeutar. I avdelinga er det og 0,8 årsverk for ergoterapeut.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Utøve fysioterapi for alle alders- og diagnosegrupper
  • Leie avdelinga og drive fagutvikling
  • Delta i tverrfagleg samarbeid omkring ulike pasientgrupper
  • Pådrivar i arbeidet med å utvikle gode kommunale helsetenester

Kvalifikasjonar

  • Autorisert fysioterapeut
  • Ønskjeleg med erfaring frå kommunal helseteneste
  • Gode datakunnskapar
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

  • Vere målretta og strukturert
  • Er ein pådrivar som inspirerer og motiverer
  • Vere samarbeids- og løysingsorientert med evne til nytenkning
  • Ha god evne til å kommunisere, planlegge og jobbe sjølvstendig
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing

Vi kan tilby

  • Varierte og utfordrande oppgåver med høve til å skape gode helsetilbod til våre innbyggarar
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Medlemskap i offentleg pensjonsordning

Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og kommunal tariffavtale. Det er 6 månader prøvetid i stillinga. Det er krav om godkjend politiattest.

Ta kontakt med helsesjef Leiv Erik Husabø tlf 57655666 eller leiande fysioterapeut Maren O. Enget tlf 57655657/94142644 for å få meir informasjon om stillinga.

Søknaden sender du på vårt elektroniske søknadsskjema
 

Søknadsfrist 10.  juni 2018