Pleie- og omsorgstenesta i Leikanger kommune omfattar sjukeheim, heimebaserte tenester, psykiatri og tiltak for funksjonshemma. Tenesta er delt i tre einingar med kvar sin leiar, der tenesteleiar har det overordna ansvaret. Det er om lag 65 årsverk i tenesta for pleie og omsorg. Tenesta er lokalisert ved Leikanger helsesenter som også omfattar legesenter, helsestasjon og fysioterapi.

Leikanger kommune har ledig stilling som tenesteleiar for pleie og omsorg.

Ansvar og arbeidsområde

  • Samordne og utvikle tilbod og oppgåver i samsvar med behov og ressursar
  • Organisere, leie og motivere medarbeidarane
  • Den daglege økonomistyringa av heile pleie- og omsorgstenesta
  • Fagleg og administrativt resultatansvar for drifta av tenesta
  • Nært samarbeid med tillitsvalde og leiarane
  • Tenesteleiar rapporterer direkte til rådmannen

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgskule/-universitetsutdanning, gjerne frå helsefag
  • Kompetanse innan leiing, økonomi og administrasjon
  • Erfaring frå leiarstilling er ynskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeids- og løysingsorientert
  • Vere tydeleg og god til å kommunisere både munnleg og skriftleg
  • God evne til å skape tillit
  • Vere kreativ og omsette idear til handling
  • God evne til planlegging, å jobbe sjølvstendig, å vere målretta og strukturert

Me kan tilby

  • Ei spennande leiarstilling i ei teneste i utvikling
  • Arbeidsplass med dyktige og motiverte medarbeidarar
  • Støtte og rettleiing
  • Løn etter avtale

Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og tariffavtale. Det er 6 månader prøvetid til stillinga.

Ta kontakt med rådmann Odd Arve Rakstad tlf. 57655602/95235834 eller kommunalsjef Gunnar Steine tlf. 57655609 for å få meir informasjon om stillinga.

Søknaden sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist: 25. februar 2018.