Vi har ledig vikariat i 100% stilling som kommunal fysioterapeut ved Leikanger helsesenter i perioden 01.07.19 – 29.06.20. Vikariatet kan bli forlenga.

Stillinga inneber ansvar for kurativt og førebyggande arbeid med barn og unge.

I tillegg vil arbeidet også omfatte kurativt arbeid med ventelistepasientar, samarbeid med helsestasjon/skule/barnehage, koordinatoroppgåver og rehabiliteringspasientar, særskilt slagramma.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert fysioterapeut
  • Klinisk erfaring særskilt i forhold til barn og slagramma

Personlege eigenskapar

  • Ha god evne til å kommunisere, planlegge og samarbeide
  • Vere strukturert, målretta og jobbe sjølvstendig

Ta kontakt med leiande fysioterapeut Rannveig Kvåle (94142644) eller helsesjef Leiv Erik Husabø (57655666)   for utfyllande informasjon kring vikariatet.

Søknad sender du på vårt elektroniske skjema

Søknadsfrist : 11. april 2019