Leikanger kommune har ledig vikariat i 80 % stilling som reinhaldar frå 1. april til 31. desember 2019.

Arbeidstida er på dagtid. Arbeidsplassen vil vera kommunale bygg i Leikanger kommune.

Vi ynskjer deg som har:

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør.
  • Relevant praksis og erfaring innan yrket .
  • God serviceinnstilling, gode samarbeidsevner, er pliktoppfyllande, sjølvstendig og påliteleg.
    Du må kunne meistre norsk munnleg og skriftleg.

For meir informasjon ta kontakt med reinhaldsleiar Tone H. Haugen tlf. 900 69 981.

Tilsetjinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Den som vert tilsett må levera politiattest av ny dato før ein tek til i stillinga.

Søknad sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist 17. februar 2019.