Adressetildeling

Tildeling av gateadresse
Med gateadresse meiner ein her eit vegnamn og eit husnummer som eintydig viser til ei adresseeining innanfor kommunen. Med adresseeining meiner ein det område, bygning, bygningsdel eller bustad som adressa viser til. Bokstav saman med nummeret kan også førekomme.

Seksjon for kart og oppmåling i Leikanger har ansvar for tildeling, endring og registrering av adresse. Kommunestyret fastset namnet på vegen.

Kommunen bestemmer for kva område ein skal tildele offisiell adresse. Tildeling av adresser i byggjefelt vil finne stad på eit tidlig stadium, helst når reguleringsplan/tomtedelingsplan er godkjend.

Offisiell adresse kan tildelast alle bygningar som nyttast til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd, offentleg verksemd og anna verksemd som tener eit større publikum så langt det er formålstenlig. Ubygde eigedommar kan og tildelast adresse. Døme på dette er eigedomar som er planlagt bygt eller område som eit større publikum gjer seg nytte av, t.d. idrettsanlegg.

Adresseeininga skal tildelast den vegen den har tilkomst frå.
 

Klage

Klage på adressetildelinga er heimla i matrikkellova § 46 bokstav f, jf. matrikkelforskrifta § 22 som seier at klageretten er avgrensa til
a) kva gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
b) kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenavn som er tildelt adressa
c) feil tildelt adressenummer eller brukseinheitsnummer

Namnet på gata/vegen/området kan ein ikkje klage på. Klageinstans er Fylkesmannen. Klage skal sendast via kommunen, som eventuelt kan gi klagaren medhald.
 

Annan informasjon

Vegnamn vert vedtekne av kommunestyret. Kontakt kommunen om du har framlegg på vegnamn på nye utbyggingsområde.

Aktuelt lovverk:
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) §21 
Matrikkelforskrifta §50   
Lov om stadnamn

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS