Teneste for arealplanlegging og oppmåling har ansvar for tildeling, endring og registrering av adresser i Leikanger kommune.
Vegnamn vert vedtekne av kommunestyret.
Adresseeininga skal tildelast den vegen den har tilkomst frå.

Klage på adressetildelinga er heimla i matrikkellova, som seier at klageretten er avgrensa til
a) kva gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
b) kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenavn som er tildelt adressa
c) feil tildelt adressenummer eller brukseinheitsnummer

Klage skal sendast til kommunen. Dersom vedtaket ikkje vert endra, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Namnet på gata/vegen/området kan ein ikkje klage på.