I Leikanger finn du rikeleg med fritidstilbod. Bygda har eit aktivt lags- og organisasjonsliv med kultur-, idrett- og friluftslivstilbod til store og små.

Kleppa er eit flott område for idrett og friluftsliv året rundt. Her er turstiar, godt utbygde lysløypetrasear, eit mindre alpinanlegg og oppkøyrde spor som tek deg høgt til Kjeringafjell. Her er også anlegg for leirdueskyting.

Arena for fotball og friidrett, med ei grasbane og ei kunstgrasbane, ligg ved Leikanger barneskule. Nyleg vart det også sett opp ein klatrepark ved skulen.
På Kvålen har Leikanger skyttarlag anlegg for baneskyting, og i Leikanger ungdomshus har skyttarlaget også ei miniatyrskytebane

Idrettshall med klatrevegg og kultursal ligg i Saften midt i sentrum. Her er også Idrettssenteret i Sogndal etablert med avdeling Leikanger.

Barn   Ungdom   Vaksen   Lag og organisasjonar   Friluftsliv