Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
6863 Leikanger
Tenesteleiar
Anne Margrete Kraavik
Telefon: 57 65 56 54
Send e-post
Ambulerande vaktmeister
Vaktmeisteren kan hjelpe til med enkle, praktiske gjeremål, enkle reparasjonar og vedlikehaldsarbeid, montering/fjerning av tekniske hjelpemiddel eller installering av tryggleiksalarm.
Målgruppe
Heimebuande eldre eller heimebuande funksjonshemma.
Pris
Vaktmeistertenester som ikkje vert omfatta av forskrifta om eigenbetaling, kr 123,- pr. time
Handsaming
Individuell vurdering etter søknad om tenesta.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om vaktmeisterteneste.
Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg, det kan for eksempel vere ein nabo, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.
Kommunen tilbyr tenesta på frivillig grunnlag etter ei vurdering
Handsamingstid
Fortløpande
Søknadsfrist
Ingen
