Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
Dersom du skal setje opp ei antennemast eller parabolantenne, treng du normalt ikkje å sende inn melding/søknad til tenesteleiar for byggesak i kommunen. Dette gjeld uavhengig av om antenna er frittståande eller er plassert på byggverk. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast.
Ynskjer du dispensasjon frå gjeldande avgjerder, må du sende inn søknad.
Det er ikkje noko krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som kan tenkjast å bli berørte av antennesystemet. Du kan da klargjere at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.
Hus- og bygningseigarar
Generelle vilkår:
• Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
• Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
• Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
• Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan
Særskilde vilkår:
• Antennemastene må ikkje vere høgre enn 2 meter
• Parabolantennene må ikkje ha ein diameter på meir enn 1,2 meter
Du bør vurdere plasseringa nøye - spesielt på verneverdige bygningar - for å unngå skjemmande plassering og reaksjonar frå bygningsmyndigheitene seinare.
Du treng ikkje å sende søknad/melding til kommunen dersom antenna og plasseringa er i samsvar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.
Kr. 874,-
Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar og andre involverte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne. Skulle kommunen konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket, er dette eit vedtak som du kan klage på. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket.
Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
Brosjyrar, skjema, dokument, kart m.m
• Forskrift om krav til byggverk (TEK)
• Forskrift om saksbehandling i byggesaker (SAK)
• Statens bygningstekniske etat
• Byggsøk Bygning
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
