Kommunestyret i Leikanger har den 25.04.2019, sak 9/19, vedteke arealdelen i kommuneplanen med tilhøyrande planomtale, føresegner, retningsliner og plankart. Vedtaket er gjort i samsvar med plan og bygningslova § 11-15, og kan ikkje klagast på. Frå og med vedtaksdato i Leikanger kommunestyre er arealdelen til kommuneplan 2002- 2014 og kommunedelplan for Leikanger 2008- 2016 oppheva i samsvar med plan og bygningslova § 11-17.

Planen med tilhøyrande dokument er justert i samsvar med avklaringane og konklusjonane som er gjort etter drøftingar og stadfesting frå Fylkesmannen i Vestland. Arealdelen i kommuneplanen, med tilhøyrande dokument, revisjon 2016- 2026, datert 02.06.19 er gjort tilgjengelege i papirutgåve i serviceekspedisjonen i Tinghus I, samt på Leikanger folkebibliotek i Saften.

Lenke til digitalt kart:
http://asplanviak.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=1093fb2547b64cfaa8cb9ee2f4d722e9

Kommunestyret sitt vedtak
Planomtale
Føresegner og retningsliner
Konsekvensutgreiing og ROS-analyse
Plankart Leikanger
Plankart Leikanger med ras- og skredfare
Plankart sentrum
Plankart sentrum med ras- og skredfare