Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Runar Stadheim
Telefon 57 65 56 21
Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering. Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre.
Ei arealoverføring krev at ein har halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane er klarlagde og beskrivne. Derimot slepp du å opprette ein eigen grunneigedom, tinglyse skøyte og slå saman eigedomane. Arealoverføring skal registrerast i matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom), og kommunen skal sørgje for tinglysing.
Eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameige.
Det må liggje føre eit løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova. Nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet må òg liggje føre.
Partane er ansvarlege for å skaffe nødvendige erklæringar og sender alle nødvendige dokument samla til kommunen. Selgjar skal godtgjere at oppgjersform er avtalt og at oppgjeret er sikra. Ta eventuelt kontakt med ein advokat eller eigedomsmeklar for å få bistand.
Krav (rekvisisjon) om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gje opplysningar om mellom anna
-kva som blir rekvirert (kartlegging av eksisterande grenser, grensejustering, arealoverføring osb.)
-eigar- og festetilhøve
-grenser og naboeigedomar vist på kart
Arealoverføring for anleggseigedom:
For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna ikkje vera registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjerar eit samanhengande volum.
Arealoverføring for grunneigedom, festegrunn og jordsameige:
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneføremål.
areal frå 0 – 500 m² kr 13.000
arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m² medfører ein auke av gebyret på: kr 1.500
Arealoverføring for anleggseigedom:
volum frå 0 – 250 m³ kr 7.000
volum frå 251 – 500 m³ kr 12.000
volumoverføring pr. nytt påbegynt 500 m³ medfører ein auke av gebyret på: kr 1.500
Dersom kommunen ikkje overheld fristen for behandling av saka, skal gebyret avkortast med ein tredel. Blir fristen overskriden med ytterlegare to månader, skal gebyret avkortast med ytterlegare ein tredel
Kommunen innhentar nødvendige opplysingar og gjennomfører oppmålingsforretning med arealoverføring etter endeleg vedtak etter plan- og bygningslova. Det blir skrive ut eit matrikkelbrev som vert sendt til rekvirenten.
Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan 16 veker. Eventuell tid som rekvirenten nyttar for å få søknaden komplett vert tillagt.
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller underretning om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.
Forvaltningsloven
Matrikkellova § 15
Matrikkelforskriften § 33
Blankettar frå Statens Kartverk
Plan- og bygningsloven § 20-1
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Runar Stadheim
Telefon 57 65 56 21
