Leikanger kommune skal legge ny asfalt på del av Hamrevegen, fortau langs del av Kleppavegen, Dalhjellevegen og Hovdavegen.

Arbeidet med forarbeid, grøfting mm, vert utført i juli månad. Legging av asfalt er planlagt i august. Arbeidet vert utført av Instefjord asfalt AS.  Private som ynskjer å asfaltere sine eigedomar, kan ta kontakt med Instefjord asfalt på telefon 47667335 eller 57654200.