Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Pedagogisk konsulent
Jorunn Nyttingnes
Telefon 57 65 56 31
Send e-post
Kontaktinformasjon: 
Askedalen barnehage AS
Askedalen 1
6863 LEIKANGER
Styrar:
Hilde Valvik Menes
Telefon: 57 65 44 12/13
Send e-post
Askedalen Barnehage AS er privat og vart opna i november 2008 av
Edith Valeberg Eggum, Inger Lise Knudsen og Hilde Valvik Menes.
Askedalen barnehage ligg i Hermansverk sentrum mellom Fylkeshuset, Statens Vegvesen og Statens Hus. Her kan vi boltre oss i eit variert miljø heile året. Med fjord og strand, store naturområde, arbeidsplassar, bibliotek, butikkar, fleirbrukshall og med kort avstand til både skule og sjukeheim har vi mange alternativ å velja mellom.
Barnehagen opna i november 2008 med ei godkjenning for 20 barn i alderen 0-6 år på ei eining.
Huset vart bygd i 1971. Hausten 2008 rusta vi opp andre etasje og har fått eit lyst og triveleg miljø. Vi har eit variert uteområde med gode moglegheiter for ulike aktivitetar. Vi får i tillegg disponere eit flott naturområde på Njøs.
Barnehagen har eigen parkeringsplass.
Hausten 2009 starta vi opp ei ny eining i første etasje. Vi har store og spennande rom og godt inneklima.
Askedalen barnehage har 2 einingar. Vi gir tilbod til barn i alderen 0-6 år. Bustaddelen er for dei minst barna og første etasje er bygd med tanke på dei store barna. Totalt er barnehagen godkjend for 42 barn som i dag utgjer 53 plassar.
Vi tilbyr gym i fleirbrukshallen.
Årsplan 2011/2012
Infohefte
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Pedagogisk konsulent
Jorunn Nyttingnes
Telefon 57 65 56 31
Send e-post
