Autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmidlar


Autorisasjonbevis for bruk av plantevernmidlar gjeld i 10 år. For ei rekkje personar i Sogn er beviset gått ut eller går ut i løpet av 2012. For kjøp og bruk av slike middel, må ein ha gyldig bevis. 

Landbruksrådgivinga i Sogn og Fjordane vil avhalde eit eller to kurs i månadskiftet januar/februar. Kursstaden vert etter alt å dømme Sogndal, men ved stor påmelding kan det bli aktuelt å holde kurs også andre stader i Sogn

Påmelding snarast og seinast 31. desember til:

Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane:
Jordbrukarar til Marit Henjum Halsnes, mobil 415 11 774 eller e-post: Marit.Henjum.Halsnes@nl.no
Hagebrukarar til Olav Sørum, mobil 971 45 058  eller e-post: Olav.Soerum@nl.no

Personar som skal ta kurs for å få dette beviset for første gong kan også delta på dette kurset og få det godkjent som første del av den fullverdige kurspakken. Siste del av denne «pakken» er obligatorisk og må gjennomførast på t.d. Mo Jordbruksskule. Sannsynlegvis går det eit kurs der i slutten av februar 2012. Denne dagen er obligatorisk også for dei som ønskjer å ta første del av kurset som sjølvstudium. 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS