Bioposar og plastsekker til plastemballasje vert utlevert på renovasjonsruta - ein rull med plastsekker og to rullar bioposar kvart år. Dette tilsvarar 1 års forbruk.
Om du treng fleire sekker til plastemballasje, får du kjøpt desse i serviceekspedisjonen og på miljøstasjonen.
Treng du fleire bioposar, får du kjøpt dei i serviceekspedisjonen, på miljøstasjonen og i daglegvarebutikkane.

Raud ekstrasekk for restavfall kan nyttast om ein enkelte gonger har ekstra mykje avfall. Denne set du ut saman med restavfallsdunken. Sekken er berre til restavfall, og den må knytast att.

Kun kontantbetaling i serviceekspedisjonen. På miljøstasjonen er det berre kortbetaling.