Avlastningstiltak kan ytast til personar som har eit særs tyngjande omsorgsarbeid for til dømes sjuke, funksjonshemma eller andre med særlege omsorgsbehov. Avlastningstiltak skal vere med på oppretthalde gode familierelasjonar, ta vare på sosialt nettverk, hindre utmatting hjå omsorgsytar, gje høve til regelmessig fritid og ferie, og til deltaking i vanlege samfunnsgode og aktivitetar.

Døme på avlastningstiltak:

  • Besøksheim
  • Brukarstyrt personleg assistent
  • Støttekontakt
  • Treningskontakt
  • Omsorgsstønad

Tiltaka er gratis, men du må betale for dine eigne utgifter til dømes når du er med på aktivitetar saman med støttekontakt.
Søknadsskjema får du ved å henvenda deg til tiltak for funksjonshemma.