Handsaming
Individuell vurdering av søknaden vert føreteke etter samtale/heimebesøk og eventuelt samarbeid med andre hjelpeinstansar. Dette gjev grunnlag for vedtak om tenester.
Når eit vedtak er fatta, får du skriftlig melding om din søknad er innvilga eller ikkje.
Dersom søknaden din er innvilga, vert vedtaket sendt over til sjukeheimen som vil ta kontakt med deg og dine pårørande for samtale kring innlegging.
Klage
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Fristen for å påklage vedtaket, i forhold til innhald og omfang av tenesta er 3 veker.
Klageinstansen er kommunen ved det organ kommunestyret bestemmer.
Dersom klagaren ikkje får medhald, kan det klagast vidare til Helsetilsynet i fylket, jr. Lov om helsetjenesten i kommunane § 2 – 4.
Tenesteleiar i Pleie og omsorg, eller den ho delegerer til, kan vere hjelpsam med å forme ein klage, jfr. Lov om Behandlingsmåten i Forvaltningssaker av 10.02.67 § 11.
Erklæring om klaga kan vere framsett skriftleg eller munnleg og bør nemne dei forhold som det klages over og gje opplysningar som kan vere av betydning for handsaminga av klaga, jfr. Lov om Pasientrettigheter av 2. juli 1999 §§ 7-3.
Kva du kan forvente hjelp til:
- Stå opp og leggja seg kvar dag.
- Ivareta dagleg personleg hygiene.
- Trene opp ADL-funksjon.
- Å kle av og på seg.
- Dusje med hårvask inntil 1 gang pr. veke.
- Inntak av tilstrekkeleg næring og væske
- Munnhygiene
- Barbering.
- Trening.
- Medisinsk behandling: Medisinering, sårbehandling og anna.
- Fysioterapeut kjem 2 gongar i veka og trener med dei bebuarar som har eit behov. Lege i samarbeid med fysioterapeut rekvirerer denne form for behandling.
- Det er legevisitt 1 gong i veka . Har du behov for å snakke med legen kan du ta kontakt med pleiarane , så gjer dei beskjed vidare til avdelingssjukepleiar
- Sjukeheimen har ikkje eigen frisør. Vi bestiller frisør opp på sjukeheimen annakvar månad, men klarer du å reise ut så oppfordrar vi deg til det. Frisør må dekkas av kvar enkelt bebuar.
- Tannlegen kjem med jamne mellomrom og tek ein tannstatus på bebuarane. Ved behov kallar han deg inn til time. Vi oppfordrar pårørande til å følgje til tannlege, men er dette vanskeleg leiar vi inn ekstra ressursar til det. Tannlegetenesta er gratis.
- Fotterapeut kjem ca. kvar 8 veke. Fotterapeut må dekkas av kvar enkelt bebuar. Gje beskjed til primærkontakt dersom du ynskjer fotpleie.
- Når du kjem inn på sjukeheimen får du tildelt ei eller to primærkontaktar. Er det noko du og dine pårørande lurer på omring det praktiske kan du ta kontakt med dei.
Me lovar:
- At du vert møtt med respekt
- At du som hovudregel vert kontakta seinast 4 dagar etter at vi har motteke din søknad.
- At din søknad som hovudregel vert handsama innan 3 veker jfr. Forvaltningsloven.
- At du så langt det er mogeleg får innverknad på korleis tenesta skal utførast.
- Å gje deg personleg hjelp i samsvar med til vedtak og avtale.
- At personalet overheld teieplikta.
For at me skal kunne oppfylle dette:
- Ynskjer vi å ha ein samtale med deg og dine pårørande om forventning og ynskje for opphaldet ved Leikanger sjukeheim ilag med primærkontakt og avdelingssjukepleiar, slik at vi kan danne grunnlaget for eit godt samarbeid.
- Må du være villig til å gjera deg nytte av tekniske og andre hjelpemiddel som kan letta kvardagen.
- Du må ta med deg eigne kle, inklusive undertøy. Tøyet må merkes med Leikanger sjukeheim og eit nummer som du får tildelt når du kjem /eller før du kjem inn. Vi sender tøyet på vask ved Sogndal vask og renseri.
- Du lyt ta med deg det du treng av medikament og medisinsk forbruksvarer / utstyr.
Aktuelle lover:
Sosialtenesteloven § 4-2 b