Avlastningstiltak

Avlastningstiltak etter sosialtenestelova kan ytast til personar som har eit særs tyngjande omsorgsarbeid for til dømes sjuke, funksjonshemma eller andre med særlege omsorgsbehov. Avlastningstiltak skal vere med på oppretthalde gode familierelasjonar, ta vare på sosialt nettverk, hindre utmatting hjå omsorgsytar, gje høve til regelmessig fritid og ferie, og til deltaking i vanlege samfunnsgode og aktivitetar.

Døme på avlastningstiltak:

  • Besøksheim
  • Brukarstyrt personleg assistent
  • Støttekontakt
  • Treningskontakt
  • Omsorgslønn
     

Målgruppe

Personar og familiar som har særleg tyngjande omsorgsarbeid/ansvar og behov for avlastning.

Pris

Tiltaka er gratis. Du må betale for dine eigne utgifter til dømes når du er med på aktivitetar saman med støttekontakt.

Handsaming

Du må sette fram søknad om avlastningstiltak. Skjema får du ved å henvenda deg til konsulent for funksjonshemma.

Klage

Skriftleg klage skal sendast konsulent for funksjonshemma innan tre veker etter at du mottok vedtaket. Klageinstans er Fylkesmannen.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
6863 Leikanger
Tlf 57 65 56 55

Konsulent for funksjonshemma 
Gunn Ragnhild Rimala
Tlf 57 65 56 88
Mobil: 916 26 119

Send e-post

 

Tenesteomtalar

Web levert av CustomPublish AS