Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskot til avløysing ved mellom anna: avvikling av ferie og fritid, sjukdom, svangerskap/fødsel/adopsjon, følgje av sjuke born til behandling og dødsfall i nær familie.

For avløysar til ferie- og fritid, søkjer ein som på produksjonstilskot ved søknadsomgangen i januar. Tilskot vert berekna etter dyretal og utbetalt etter dokumenterte utgifter.

Ein kan også få avløysartilskot ved sjukdom for planteprodusentar i sesongen.

For avløysar ved sjukdom osv. søkjer ein innan tre månader etter siste avløyste dag. Tilskot vert berekna etter produksjon på føretaket. Ein må dokumentere næringsinntekt for siste to år, utgifter til avløysar, sjukmelding, utbetalingar frå NAV o.l.

Tilskotet skal dekke utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.