Kommunen har vedteke lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar.

Slik brenning er i utgangspunktet forbode, men fylgjande brenning skal likevel vera tillate:

  • open brenning på grill, utepeis og kaffibål
  • brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unntak av impregnert trevirke
  • brenning av avispapir og liknande i vedomn, heime eller på hytta
  • bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall/trevirke etter løyve frå brannsjefen
  • halm- og grein/kvistbrenning i landbruket
  • jonsok- og olsokbål etter løyve frå brannsjefen.