Med proposisjon til Stortinget nr.96 S har regjeringa gjort framlegg om at kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand blir slegne saman til ein ny kommune frå 1.1.2020.
Proposisjonen vil bli handsama av Stortinget i 8 juni 2017.

Etter at kommunane vart kjent med regjeringa sitt framlegg starta kommunane arbeidet med å føre saksgrunnlaget til felles kommunestyremøte 22. juni 2017.
I dette møtet skal kommunestyra i fellesskap drøfte:

  • Oppretting og samansetting av ei fellesnemnd
  • Namn på den nye kommunen
  • Tal medlemmar i nytt kommunestyre
  • Val av revisor for fellesnemnda
  • Oppretting av eventuelle andre fellesorgan

Fellesnemnda skal samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga fram mot 1.1.2020.

Kommunane har gjennomført felles drøftingsmøte og oppnådd semje om desse punkta.
Resultat frå drøftingane er nedfelt i to dokument:

1.      Framlegg til politisk plattform

2.      Framlegg til reglement for fellesnemnda

Leikanger kommunestyre skal handsame og ta endeleg stilling til framlegga i møte 20. juni 2017.