Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Pedagogisk konsulent
Jorunn Nyttingnes
Telefon 57 65 56 31
Send e-post
Alle som bur i Leikanger kommune kan søkje om barnehageplass. Dersom det er ledige plassar tek me inn søkjarar frå andre kommunar.
Ved hovudopptaket vil alle som fyller eitt år før 1. september og som har søkt innafor fristen, ha rett til barnehageplass.
Det er samordna opptak til dei kommunale og den private barnehagen . Rådmannen gjer opptak i samråd med styrarane.
Det er hovudopptak med søknadsfrist 1. februar, og suppleringsopptak med søknadsfrist 1. november.
Ut over det gjer me løpande opptak til ledige plassar.
Barn i alderen 0-6 år som er busett i kommunen
Barn som er inne på prosentplass i barnehagane, får tilbod om full plass før det vert tekne opp nye barn.
Sysken skal så langt det er mogeleg få plass i same barnehage.
For dei som ikkje har lovfesta rett til plass, samt ved suppleringsopptak og løpande opptak gjennom året, skal desse prioriteringane gjelde:
Når det er fagleg tilrådd, kan barn etter opptaksregel 1 tildelast ledig plass utan utlysing, og framfor dei som står på reservelista.
Tildelt plass skal takast i bruk innan ein månad frå tildelingsdato.
Ved alle opptak skal det setjast opp reserveliste etter same reglar som ved opptak, ei for 0 – 3 år, og ei for 3 - 6 år.
Prioriteringsreglane skal vere retningsgjevande, men opptaksnemnda har rett til å leggje ei pedagogisk heilskapsvurdering til grunn for opptaket.
Alle får skriftleg tilbod om plass.
Dersom du ikkje får fyrsteynskje oppfylt får du tilbod om å stå på venteliste.
Det er hovudopptak med søknadsfrist 1. februar, og suppleringsopptak med søknadsfrist 1. november.
Formannskapet i Leikanger er klageorgan. Klagen skal handsamast etter Forskrift om sakshandsamingsreglar ved opptak i barnehage.
Formannsskapet si avgjerd er endeleg.
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Pedagogisk konsulent
Jorunn Nyttingnes
Telefon 57 65 56 31
Send e-post
