Barneverntenesta i Balestrand inn i Sogn barnevern
Frå 1. september vil barneverntenesta i Balestrand kommune vere ein del av Sogn barnevern.
Sogn barnevern omfattar då kommunane Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal med Sogndal som vertskommune. Kontoret vil ha 9,3 årsverk og er lokalisert til helse- og sosialsenteret i Dalavegen 2 i Sogndal. Men Sogn barnevern har òg kontor og kontordagar i dei andre tre kommunane.
Gjennom samarbeidet om eit felles barnevernkontor ønskjer dei fire kommunane å leggje til rette for at vi skal få ei betre, meir effektiv og føremålstenleg barnevernteneste for barn og familiar og auke rettstryggleiken for denne gruppa. Vi opplever at samarbeidet gir oss ei meir robust teneste og eit langt sterkare fagmiljø.
