Det vert barseltrening kvar fredag kl 10-11 på fysioterapiavdelinga på helsesenteret. Tilbodet er for mødre og deira born frå dei er 6 veker til ca eitt år. Det er styrketrening for mødrene, og det vil vera nokon til å passe borna når mor trenar.

Treninga kostar kr 55,- per gong. Faktura for treningane sendast på slutten av eitt treningssemester. Fysioterapeuten held kontroll på kven som er på treningane kvar gong.

Vel møtt!

Helsing Melissa fysioterapeut