Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
På eigen eigedom kan du opprette biloppstillingsplass til eige bruk, dersom ikkje noko anna kjem fram av vedtekter og planar i kommunen. Biloppstillingsplass kan også vere for landsbruksmaskiner på ein landsbrukseigedom. Du treng normalt ikkje å sende inn melding/søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad. Dersom det må opprettast ei ny innkøyring, vil som regel eit slikt tiltak vere i strid med kommunale planar eller gjevne avkøyringsløyve frå veg. Det er ikkje noko krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan då klargjere at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.
Hus- og tomteeigarar, også eigarar av landsbrukseigedom
Generelle vilkår:
• Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
• Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
• Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Ingen kostnad
Anna informasjon:
Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.
Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.
• Forvaltningsloven
• Forskrift om saksbehandling i byggesaker (SAK)
• Statens bygningstekniske etat
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
