Born hjelper born
4. klasse ved Leikanger barneskule skal torsdag 7. juni ha innsamling til barnehjelp i Afrika.
Alle er velkomne til skulen torsdag 7. juni frå kl 11.30. Der får de handla grillmat, kaffi og kaker.
Dessutan får de høve til å handla flotte produkt som elevane har laga.
Her finn ein mellom anna fuglekassar, panneband, huer, vesker, eggevarmarar, smykke, posar til å oppbevara plastikkposar m.m.
