Nav Leikanger
Sognefjordvegen 60
6863 Leikanger
Tlf: 55 55 33 33
Telefax: 57 01 60 21
Opningstid 09.00-15.00
Send e-post
Dersom du ynskjer samtale med rådgjevar, ring for å avtale eit møtetidspunkt.
Bustadtilskot skal bidra til å skaffe og sikre egna bustader for vansklegstilte på bustadmarkedet.
Tilskotet er strengt behovsprøvd. Bustadtilskot kan nyttast til kjøp av bustad, refinansiering av lån, utbedring og tilpassing av bustaden.
Personar som er vansklegstilte, til dømes
• Personar med nedsett funksjonsevne
• Flyktningar
• Unge i etableringsfasen
• Sosialt vansklegstilte
• Rusmisbrukarar
Bustadtilskot til etablering i eigen bustad er strengt behovsprøvd i forhold til økonomisk situasjon. Berre dei aller mest vanskeligstilte kan rekne med å få bustadtilskot. Kor stort tilskot som vert innvilga, er avhengig av den einskilde sin situasjon, bustadbehov, husstanden sin økonomi og moglegheit for andre offentlige støtteordningar, som for eksempel bustønad.
Bustaden må vera egna til eventuell ombygging/utbetring dersom det skal gjevast tilskot til personar med nedsett rørsleevne.
Søknadsskjema må fyllast ut og leverast saman med naudsynt dokumentasjon til Nav-kontoret. Nav kan bidra med hjelp og rettleiing i samband med utfylling av skjema og innhenting av dokumentasjon.
Ingen - du kan søke heile året.
Leverast til Nav-kontoret innan tre veker etter at du mottok vedtaket. Klageorgan er Formannskapet i kommunen. Du må skriftleggjera klagen din, og grunngi kva du er usamd i. Nav kan bistå med hjelp til å klage.
For meir informasjon og søknadsskjema, sjå www.husbanken.no
Nav Leikanger
Sognefjordvegen 60
6863 Leikanger
Tlf: 55 55 33 33
Telefax: 57 01 60 21
Opningstid 09.00-15.00
Send e-post
Dersom du ynskjer samtale med rådgjevar, ring for å avtale eit møtetidspunkt.
