Bustadtilskot til utbetring/tilpassing

Det kan gjevast bustadtilskot til heil eller delvis dekking av naudsynte meirkostnader ved spesialtilpassing av bustaden.

Tilskotet kan gjevast til mindre utbetringar av dagens bustad, ved oppføring av ny bustad og i samband med kjøp av ny bustad. Det kan og gjevast tilskot til garasje, dersom Nav har gitt stønad til kjøp av bil.
 

Målgruppe

Personar med nedsett funksjonsevne.
Sosialt vanskelegstilte.
 

Handsaming

Det skal søkast på eige skjema, og søknaden skal utformast etter dokumentasjonsliste som står i søknaden. Søknaden vert handsama av Nav-kontoret, og det vert fatta eit grunngjeve enkeltvedtak.
Søknadsskjema får du på Nav-kontoret.
 

Handsamingstid

Fortløpande. Forvaltningslova sine reglar om handsamingstid er gjeldande, dvs. at du skal få svar på henvendinga tre veker etter at søknaden er motteken på Nav-kontoret.

Søknadsfrist

Ingen - du kan søke heile året.

Klage

Klageorgan er Formannskapet. Du leverer skriftleg klage til Nav-kontoret, og grunngir kva du er misnøgd med. Nav kan bistå deg med å sette fram klage.


For meir informasjon, sjå www.husbanken.no

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS