Nav Leikanger
Sognefjordvegen 60
6863 Leikanger
Tlf: 55 55 33 33
Telefax: 57 01 60 21
Opningstid 09.00-15.00
Send e-post
Dersom du ynskjer samtale med rådgjevar, ring for å avtale eit møtetidspunkt.
Bustønad er ei statleg støtteordning som vert administrert av Husbanken og kommunen.
• Alle som er over 18 år kan søke bustønad, med unntak av studentar utan barn med rett til lån frå Statens lånekasse og personar i fyrstegongsteneste / sivilteneste. Desse gruppene har eigne ordningar som skal dekke utgifter til bustad
• Dersom du er under 18 år og har eigne barn, kan du søke.
• Du kan også søke dersom du er student utan barn og studiet ditt er ledd i eit offentleg program for arbeidskvalifisering, til dømes aap-yting.
• Foreldre som bur saman med barn som studerer, misser ikkje retten til bustønad.
• Unntak: Det kan ikkje søkast om bustønad dersom ein bur i institusjon, td.på sjukeheim
1. Alle som bur i bustaden må vere registrert i folkeregisteret som busett på denne adressa
2. Vedtak om trygdeytingar må vera fatta
3. Søkjar må ha fylt 18 år (unntak dersom ein har egne barn)
Det er fastsett ei øvre grense på kor høge buugifter som vert lagt til grunn.
Det er også sett ei øvre inntektsgrense for husstanden, denne er avhengig av til dømes antal husstandsmedlemar. Dette inneber at uansett kor høge buugifter husstanden har, vil du ikkje få bustøtte dersom inntekta er over øvre inntektsgrense. For unge uføre kan høgare grense gjelde. Ta kontakt med Nav kontoret eller sjå www.husbanken.no for nærare informasjon.
Rettleiande inntektsgrense:
1 person kr. 179 000.-
2 personar kr. 201.000.-
4 personar kr. 246.000.-
Du kan sjølv rekne ut om du er i målgruppa for å få bustønad ved å gå inn på ”bostøttekalkulator” på www.husbanken.no
Søknaden skal leverast på Nav-kontoret. Der kan du også få hjelp til utfylling av søknadsskjema.
Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetaling er månadleg ca. den 10. i månaden etter du søkte.
Skriftleg klage leverast på Nav-kontoret innan tre veker etter du mottok vedtaket eller utbetalinga.
Nav kan bistå deg med klage.
For meir informasjon og søknadsskjema, sjå www.husbanken.no eller kontakt Nav-kontoret.
Nav Leikanger
Sognefjordvegen 60
6863 Leikanger
Tlf: 55 55 33 33
Telefax: 57 01 60 21
Opningstid 09.00-15.00
Send e-post
Dersom du ynskjer samtale med rådgjevar, ring for å avtale eit møtetidspunkt.
