Byggavfall - kjeldesortering

Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknads- eller meldepliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.

Kommunen skal godkjenne avfallsplanen før det blir gitt igangsettingsløyve etter plan- og bygningslova. Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje av dei ulike avfallsfraksjonane som er innleverte.

 

Målgruppe

Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak.

Vilkår

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna:

• nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal
• riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter

Vedlegg til søknaden:
Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert. Dette kan vere:
• ordinær kvittering frå avfallsmottak
• deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
• eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)
 

Rettleing: Ein tilrår at du nyttar ein mal som Klima- og forureiningsdirektoratet har utarbeidd for avfallsplan og sluttrapport. I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeide ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.

Avfallsplanen skal innehalde:
• eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
• ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast

Pris

Kr. 1542,- + tillegg for kommunens regulativ for ansvarsrett

Handsaming

For tiltak som både krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova, og utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing, vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vere nært knytta opp mot byggjesaksbehandlinga.

Du kan ikkje setje i gang arbeidet før avfallsplanen og eventuelt miljøsaneringsutgreiinga er godkjend.

Handsamingstid

Vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak

Søknadsfrist

Du må sende avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing til kommunen i god tid før tiltaket er planlagt igangsett på grunn av at det kan mangle opplysningar for å gje igangsetjingsløyve.

Sluttrapporten bør leverast ca. 45 dagar etter at tiltaket er avslutta, når alle kvitteringar frå avfallsmottak er på plass.

Klage

Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.

Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS