Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknads- eller meldepliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning. 

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna:

• nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal
• riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter

Kommunen skal godkjenne avfallsplanen før det blir gitt igangsettingsløyve etter plan- og bygningslova. Det er difor viktig at du sender inn avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing i god tid før tiltaket er planlagt igangsett. 

Ein tilrår at du nyttar Klima- og miljødirektoratet sitt skjema for avfallsplan og sluttrapport som du finn under Aktuelle lenker/Byggesak - skjema og blankettar. I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeide ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.

Avfallsplanen skal innehalde:
• eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
• ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast

Etter at tiltaket er fullført, skal det sendast inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje av dei ulike avfallsfraksjonane som er innleverte.

Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert. Dette kan vere:
• ordinær kvittering frå avfallsmottak
• deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
• eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)

Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok avslaget. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.

Dersom du treng rettleiing, ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.