Skal du føre opp ny bustad på eiga tomt, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført, og alle handtverkarane (firma) må ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde. I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar).
 

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkår, vere godkjend av kommunen.
Desse kriteria må vere oppfylde:
· Nabovarsling må vere gjort
· Bustaden må oppfylle alle krava til tiltak i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
· Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Du må ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil vere ansvarleg søkjar og sender søknaden på dine vegne. Det vil fungere som eit bindeledd mellom deg som tiltakshavar (byggherre), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe med å gjennomføre tiltaket.

Klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Du vel sjølv om du vil at ansvarleg søkjar (eller til dømes ein advokat) skal fremje klagen for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.