Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
Skal du setje i gang med byggje- og gravearbeid på ein eigedom der det er grunn til å tru at grunnen er forureina, har du plikt til å sørgje for å få klarlagt omfanget av ei eventuell forureining. Du må leige inn ein konsulent med ekspertise på grunnforureining til å undersøkje grunnen.
Der det finst slik forureining, skal det lagast ein eigen tiltaksplan som gjer greie for korleis ein kan unngå spreiing av forureininga og korleis ein skal sikre at grunnen har god nok miljøkvalitet etter at tiltaket er gjennomført.
Grunneigar eller utbyggjar (tiltakshavar)
Det kan vere grunn til å tru at grunnen er forureina:
• i område der det tidlegare har vore forureinande industriverksemd
• i område som har fungert som deponi
Kr. 1542,- + tillegg etter kommunens regulativ for ansvarsrett
Tiltaksplanen skal godkjennast av kommunen. Kommunen kan avgjere at tiltakshavaren skal varsle naboar og eventuelle andre som saka vedkjem, om det planlagte terrenginngrepet.
Kommunen si behandling av tiltaksplanen skal så langt det er råd samordnast med behandlinga av saka etter plan- og bygningslova.
Rettleing
Tiltaksplanen sendast til kommunen saman med søknad etter plan- og bygningslova der slik søknad er nødvendig.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein kan vente at vedtaket vil bli gjort.
Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det.
Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.
• Database over eiendommer med forurenset grunn
• Om bygge- og gravearbeider
• Forurensningsforskriften kap. 2 og vedlegg 1
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
