Leikanger kommunestyre har vedteke at prisane ikkje vert endra i 2019.
Prisar frå 01.01.2019:

1. Gebyret gjeld for
Sakshandsaming, godkjenning av ansvarlege, dokumentkontroll, tilsyn i byggeperioden og nødvendige attestar. Gebyret vert skrive ut til tiltakshavar.

2. Betalingsplikt
Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betala gebyr.

3. Tidspunkt for gebyrutrekning
Gebyret vert utrekna etter det regulativet som gjeld den dato kommunen mottek ein tilfredstillande melding eller søknad.

4. Tidspunkt for fakturering
Når vedtak i samband med søknad/ melding er gjort, vert gjeldande gebyr fakturert.

5. Prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar
Ved prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar vert gebyret utrekna etter tiltaksklasse for ansvarleg søkar.

6. Mangelfulle søknader
Dersom søknaden openbart er mangelfull, skal det betalast eit gebyr på kr. 500,- for arbeid med innhenting av fullstendige opplysningar.

7. Klage
Fastsetjing av gebyr i den enkelt saka kan ikkje påklagast. Rådmannen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

8. Satsar
For alle typar bygg skal det betalast eit basisgebyr for kvar frittståande bygning.

I tillegg til basisgebyret skal det betalast eit arealgebyr for kvar kvm. bruksareal kr. 30,- for bygg > 300 kvm. bruksareal.

Basisgebyr for:

Tiltaksklasse 1 - rammeløyve 10.861,-
Tiltaksklasse 1 - igangsettingsløyve 7.243,-
Tiltaksklasse 2 - rammeløyve 18.104,-
Tiltaksklasse 2 - igangsettingsløyve 10.861,-
Tiltaksklasse 3 - rammeløyve 23.537,-
Tiltaksklasse 3 - igangsettingsløyve 12.674,-
Delsøknader ut over to trinn skal betalast med kr. 2.985,- pr. gang.
Tiltaksklasse 1 - eitt trinns handsaming 14.485,-
Tiltaksklasse 2 - eitt trinns handsaming 21.446,-
Tiltaksklasse 3 - eitt trinns handsaming 27.158,-

Andre søknadspliktige tiltak som fasadeendring, støttemurar, støyskjermar, graving/fylling, antenner, skilt, balkongar skal betala 1.539,-

Separate søknader som godkjenning av tekniske installasjonar, heisanlegg, tankar, avløpsanlegg og
konstruksjonar som ikkje gjev BRA 2.716,-
 
Tiltakssaker etter Pbl §20-2 som medfører endring av BYA/ BRA 2.354,-
 
Andre tiltakssaker 1.792,-
 
Avvik frå høgde/avstand etter Pbl § 29-4 skal betala 2.716,-
 
Godkjenning av ansvarsrett:                                                
Første gang ved lokal godkjenning 2.716,-
Seinare godkjenning med same funksjon 633,-
Seinare godkjenning med nye funksjonar 1.268,-
Med sentral godkjenning 542,-
Sjølvbyggar 1.268,-
Separate søknader for tekniske installasjonar 2.630,-
Meldesaker etter Pbl§20-3 og 20-4 1.937,-
Andre meldepliktige tiltak 1.753,-

Mva. kjem i tillegg.
 

1. Tilbygg/påbygg < 30 m2 skal betala 25% av basisgebyr.
Tilbygg/ påbygg > 30 m2 < 100 m2 skal betala 50% av basisgebyr.
Tilbygg/ påbygg > 100 m2 skal betala som nybygg.
2. Garasje/ bustadbrakker/naust/ basseng (GAB: 161 – 199) skal betala 50% av
basisgebyr.
3. Mellombels bygningar skal betala fullt gebyr.
4. Bruksendring skal betala 50% av fullt gebyr.