Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
Dette gjeld dersom du skal:
• oppføre eitt enkelt tilbygg der korkje samla bruksareal eller areal det er bygt på før, er over 50 m2, der tilbygget kan ha kjellar
• oppføre éin enkelt frittliggjande bygning som ikkje skal nyttast til å bu i, og der korkje samla bruksareal eller areal det er bygt på, er over 70 m2
• gjere ei bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel
• setje opp eller montere skilt, reklameinnretningar o.l. inntil 6,5 m2 montert på vegg eller med høgd inntil 3,5 meter og breidd inntil 1,4 meter montert frittståande på terreng, som ikke utgjer fare for persontryggleiken
• setje opp antennesystem med høgd inntil 5 meter, som ikke utgjer fare for persontryggleiken
I desse tilfella må du melde frå til kommunen. Ei melding følgjer ein enklare prosedyre enn ein søknad og har høvesvis kort sakshandsamingstid. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast.
Alle
• Nabovarsling må vere gjort
• Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
• Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
50% av basisgebyr i kommunens regulativ
Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.
Vedlegg til søknaden:
• Situasjonskart
• Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
• Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader
Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.
Rettleiing:
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå nokre av vilkåra (sjå over).
Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar, og fråsegn frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker.
Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane.
Har det kome protestar frå naboar, skal kommunen òg behandle saka innan tre veker. I slike tilfelle kan ikkje løyvet reknast for gjeve dersom kommunen ikkje har gjort vedtak innan fristen.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.
Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m
• Forvaltningsloven
• Statens bygningstekniske etat
• Plan- og bygningsloven
• Forskrift om byggesak
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
