Dersom du skal:

• oppføre eitt enkelt tilbygg der korkje samla bruksareal eller areal det er bygt på før, er over 50 m2, der tilbygget kan ha kjellar
• oppføre éin enkelt frittliggjande bygning som ikkje skal nyttast til å bu i, og der korkje samla bruksareal eller areal det er bygt på, er over 70 m2
• gjere ei bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel
• setje opp eller montere skilt, reklameinnretningar o.l. inntil 6,5 m2 montert på vegg eller med høgd inntil 3,5 meter og breidd inntil 1,4 meter montert frittståande på terreng, som ikke utgjer fare for persontryggleiken
• setje opp antennesystem med høgd inntil 5 meter, som ikke utgjer fare for persontryggleiken

må du melde frå til kommunen. Ei melding følgjer ein enklare prosedyre enn ein søknad og har høvesvis kortare sakshandsamingstid. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast:

• Nabovarsling må vere gjort
• Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
• Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Vedlegg til søknaden:
• Situasjonskart
• Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
• Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader

Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.
Du sender ei skriftleg melding til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå nokre av vilkåra.

 

Klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.

Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.