Her er ei oversikt over byggjetiltak du ikkje treng søkje kommunen om løyve til å utføre:

• Frittliggjande, mindre uthus på eigedom som det er bygt på, som du ikkje skal nytte til å bu i. Mønehøgda kan vere inntil 3,0 m og gesimshøgda inntil 2,5 m. Korkje samla bruksareal (BRA) eller areal det er bygt på (BYA) kan vere over 15 m2. Avstanden til annan bygning på eigedommen skal ikkje vere mindre enn 1,0 m

• Ikkje-berande vegg innanfor ei branncelle eller eit lydområde

• Reinstallering og reparasjon av eldstad

• Levegg (skjermvegg) med høgd inntil 1,8 m og lengd inntil 10,0 m. Veggen kan være frittståande eller henge saman med bygning

• Innhegning mot veg med inntil 1,5 m høgd. Innhegninga må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg

• Skilt- og reklameinnretning inntil 3,0 m2 som blir montert flatt på vegg. Unntaket gjeld ikkje dersom du ønskjer å montere fleire skilt- og reklameinnretningar på same fasaden

• Mindre antennesystem. Antennemast kan ha høgd inntil 2,0 m. Parabolantenne kan ha diameter inntil 1,2 m

• Mindre støttemur på inntil 1,0 m høgd og avstand frå nabogrense på minst 2,0 m, eller støttemur på inntil 1,5 m høgd og avstand frå nabogrense på minst 4,0 m. Muren må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg

• Mindre fylling eller planering av terreng. Tiltaket må uansett ikkje føre til meir enn 3,0 m avvik frå opprinneleg terrengnivå i spredtbygt strok, eller 1,5 m avvik frå opprinneleg terrengnivå i tettbygt strok. På eigedom for rekkje- eller kjedehus o.l. som er tettbygd, må avviket ikkje vere meir enn 0,5 m frå opprinneleg terrengnivå. Avstand frå fyllingsfoten til nabogrensa må vere minst 2,0 m. Endringar i terreng må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg

• Intern veg på tomt og biloppstillingsplassar for tomta sin bruk som ikkje krev vesentleg terrenginngrep

• Mindre vesentleg fasadeendring

Du finn ei full opplisting av type tiltak som ikkje krev søknad og løyve i plan- og bygningslova med forskrift.
Det er ikke noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som kan tenkjast å bli berørt av tiltaket.

Tiltaket må ikkje føre til fare eller ulempe for omgivnadene. Det skal ikkje vere i strid med plan- og bygningslova, arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan. Er du i tvil om byggjetiltaket oppfyller vilkåra, kontakt kommunen for meir informasjon.

Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikke skjer i strid med reglane.
Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du sende inn søknad