Leikanger kommune har hatt eigedomsskatt frå 2000. I samsvar med byskattelova er kommunen i ferd med å gjennomføre ny alminneleg taksering av eigedommane som ligg innafor takstområdet. Takstområdet er ikkje endra.
Eit ledd i dette arbeidet er å senda ut faktaopplysningar om kvar eigedom og be om tilbakemelding der ein ser det ikkje er korrekte opplysningar.
Taksering
Skattetaksten byggjer på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar.
Faktaopplysningar om adresser og areal på bygningar og tomter er henta frå offentlege dataregister.
Skjønnsmessige vurderingar tek opp både generelle tilhøve om eigedomsverdiar og spesielle tilhøve som påverkar verdien på den einskilde eigedommen. Dei spesielle tilhøva vil ein fanga opp gjennom synfaring av kvar einskild eigedom. Det er gjennomført synfaring av alle eigedomar. Ved denne synfaringa er det vurdert tilhøve på eller rundt eigedommen som kan ha innverknad på taksten.
Kontroll av opplysningane
For å kvaltitessikre takseringsarbeidet, ber vi om at vedlagde skjema vert kontrollert av eigar.
Det er dei faktiske opplysningane som skal kontrollerast og sendast tilbakemelding på.
Dette vert ikkje sett på som klage, berre ei nyttig tilbakemelding for å sikre korrekte opplysningar i kommunen sin database. Taksten som vert fastsett no vert ståande i 10 år. Det er såleis viktig at det vert meldt attende dersom kommunen har feil faktaopplysningar for eigedommen.
Utsende takstblad over næringseigdomar inneheld også opplysningar om kvm.pris og utrekna takst. Me vil her presisera at det på noverande tidspunkt ikkje er fastsett endeleg takst, og at det difor kan bli endringar.
Klage på taksten
Eigar får seinare høve til å klage på taksten som er grunnlaget for skatteutskrivinga. Endeleg takst og utrekna skatt vert utlagt til offentleg ettersyn seinast 01.03.2010. Det vil komma kunngjering om denne utlegginga. Då det i 2010 er nye takstar, vil det i samband med utlegging av skatten vere høve til å klage på taksten. Slik klagerett er det berre det året det vert gjennomført ny alminneleg taksering.
Tilbakemelding
Dersom du ynskjer å gi tilbakemelding til kommunen om feil i dei faktiske opplysningane, kan dette skje på fylgjande måte:
Telefon: 576 55600 måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30.
Telefaks: 576 55608
E-post: postmottak@leikanger.kommune.no
Publikumsmottak: Serviceekspedisjon i Tinghus 1
Postadresse: Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
Hugs å gje opp : • Namn på eigedom (gnr/bnr ) • Namn på eigar/eigarrepresentant
• Telefonnummer eller e-post der du kan treffast.
Anna informasjon
Kunngjering eigedomsskatt 2010
Ny taksering 2009
Eigedomsskatt og skattetakstnemnda
Areal- og etasjedefinisjon