|
KONTAKT
SFO- leiar: 57 65 68 23
Avd: 57 65 68 11
Mob: 99 57 88 58
Faks: 57 65 68 10
|
E-post: bjornehiet.sfo@leikanger.kommune.no
Heimesida: www.leikanger-barneskule.no
|
Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1.- 4. steg.
Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.
Det blir lagt til rette for leik, kultur – og fritidsaktivitetar. Borna får bruke ulike sider av seg sjølve og dei får oppleva samanheng og meistring. Utvikling av sjølvstende er eit mål.
Vi har aktivitetstilbod som er tilpassa barna sin alder og deira interesser.
Det er viktig med godt samarbeide med føresette.
SATSINGSOMRÅDE TIL BJØRNEHIET SFO
Vi har tre satsingsområde:
1. Fysisk aktivitet
2. Auka leselyst
3. Musikk
Det skal vera godt å vera på Bjørnehiet SFO. Vi må sikra oss at dei rammene vi har er trygge og varme. Barna skal oppleva at vi er glade i dei, og at vi tykkjer det er fint å vera i lag med dei.
Barna skal oppleva at dei er ein del av eit fellesskap der det er bruk for dei. Samstundes skal dei vera med å prega tilbodet slik at dei opplever at Bjørnehiet SFO er deira.
VERDIGRUNNLAG
Vi ønskjer at det einskilde barn skal få utvikla og styrka sjølvkjensla si, samt respektera og tolerera kvarandre sine ulikheiter. Vi har eit stort uteområde der det er store moglegheiter for leik. Bjørnehiet SFO er ein del av skulen og skal ivareta barnas trong for tilsyn og omsorg i fritida deira. Organiseringa varierar mellom frileik og gruppeaktivitetar, ulike verkstader, ulike gruppeinndelingar og aldersspreidning.
Vennskap og positive relasjonar skal stå sentralt i Bjørnehiet SFO kvardagen. Vi skal ha tid for undring og vera nysgjerrig. Saman skal vi gleda oss over små og store ”få det til - opplevingar. ”
VERA GLAD I NATUREN
Ved å la barna vera mykje ute, møter dei utfordringar som gir dei sjansen til å utvikla seg å bli robuste! Vi brukar Holerunadn og uteområdet v/ skulen som leike- og læringsarena for å nå dei måla vi har sett oss. Barna lærer å bli glad i og ta vare på uteområdet og naturen.
HØGLYDT OG STILT
Glede og humor skal prega Bjørnehiet SFO. Der skjer det noko heile tida, frå stor aktivitet med høglydt latter og leik, til rolege stunder med kos eller trøyst i armkroken.
BJØRNEHIET SFO, mars 2010
Bjørnehiet SFO har 77 barn og eit personalet på 8 ( ein lærling)
Vi som jobbar på Bjørnehiet SFO har ulike interesser, noko som visar att i aktivitetane som fyller dagane våre. Vi er alle opptekne av å ivareta gammalt handverk og tradisjonar, noko vi jobbar med året rundt.
LÆRLING
Vi ønskjer å gi lærlingar under utdanning praksis innanfor SFO. Denne erfaringa gir eit viktig innsyn i barna sin kvardag. Lærlingen er med i undervisninga og Bjørnehiet SFO i eit
år i gangen.
OPNINGSTIDER
Bjørnehiet SFO er open frå 07.30-09.00 alle dagar.
Måndag 13.30-16.30
Tysdag 13.30-16.30
Onsdag 12.45-16.30
Torsdag 14.00-16.30
Fredag 13.30-16.30
Bjørnehiet SFO er open haust- og vinterferie
Det er høve til å kjøpa heile veker i sommarferien. Bjørnehiet SFO er stengt 4 veker i juli.
Personalet på Bjørnehiet SFO/ skulen har 5 planleggingsdagar i året.
Då er Bjørnehiet SFO stengt.
Hovudopptaket skjer på vårparten med frist 21.05.10. Søknadsskjema blir levert i barnehagane for 1. årssteg. 2., 3., og 4. årssteg får skjema på skulen. Søknadsskjema ligg tilgjengeleg på heimesida vår.www.leikanger-skule.no Der finn de meir informasjon frå oss.
Dersom de ønskjer å ha same tilbod som skuleåret før, treng ein ikkje ny påmelding.
Oppseiing av plassen skal vera skrifteleg og rettast til skulen. Oppseiing/endring av plass skal gjerast skrifteleg med minst to månads varsel. Oppseiinga vert gjort gjeldane frå den første i påfølgjande månad. Oppseiingstida gjeld og for dei som melder seg på og ombestemmer seg og ikkje nyttar plassen.
REGISTRERING AV BARNA
Vi registrerar barna om morgonen. Lærarane i 1. –4. årssteg oppdaterar listene ved skuleslutt.
Det er viktig at barn/føresette seier i frå når dei går heim, slik at vi får registrert det.
GÅ HEIM-AVTALE
Faste gå-heim avtalar gjer det lettare for oss å hjelpe barnet å gå heim til rett tid. Det fører også til at vi kan bruke mindre tid i telefon og meir tid til barna.
HEIMSENDING AV BARN FRÅ BJØRNEHIET SFO
Vi ønskjer kun telefonar på ettermiddagen dersom det er noko heilt spesielt! Melding/ringing om å gå til parkering/heim skal vi ha motteke før kl. 13.00! Gjer avtale i meldingsboka, eller send e-post. Me vil at de skal få attende eit OK slik at de veit at vi har registert meldinga dykkar.
NÅR ANDRE HENTAR
Dersom barnet skal bli henta av andre enn føresette eller andre avtalte personar, skal vi ha melding om det. Besøksavtalar skal gjerast på førehand og ikkje i Bjørnehitida.
MÅLTID
Det er høve til å eta medbrakt frukost.
Vi serverar frukt og knekkebrød kvar dag frå kl. 14.30-15.15
Onsdagane lagar vi ofte noko ekstra, gjerne knytt til aktiviteten vi har denne dagen.
Siste fredagen i månaden feirar vi alle som har hatt bursdag den månaden. Vi brukar denne tida til å ha møte der både barn og vaksne kan komma med sine tilbakemeldingar. Barna som har hatt bursdag får dele ut is.
Barna må ha med eiga drikke og matpakke i feriar.
ONSDAGAR
Vi set opp aktivitetar på onsdagar frå ferie til ferie. Dette får de skriv om, og det ligg tilgjengeleg på heimesida vår.
FERIAR
I feriane har personalet moglegheit til å ta ut ferie eller avspasering. Vi må derfor ha bindande påmelding til feriane, slik at vi kan ha eit oversyn på kor mange barn me må berekna personalet til. Det hjelper oss å få mest mogleg ut av vår ressurs og til å laga best mogleg tilbod til barna.
EIGNE LEIKER
Har barna med eigne leiker frå heimen, er det på eige ansvar. Vi gjer dykk merksame på at de som føresette må ta ansvar for desse leikene. Leikane kan komma vekk i løpet av dagen. Vi har ikkje kapasitet til å følgja opp dette.
KLE
Alle sko/kle skal vera merka.
Barna bør ha utekle som passar til veret og eit sett med bytekle på skulen.
SJUKDOM
Vi tek ikkje i mot sjuke barn eller barn med smittefare. Barn som ikkje kan vera ute eller delta i vanlege aktivitetar kan ikkje vera på Bjørnehiet SFO. Dette gjeld ikkje kroniske sjukdommar. Dersom barnet blir sjukt i løpet av dagen, blir de kontakta og bør henta barnet så fort som mogleg.
BESØK
Vi tek gjerne i mot besøk dersom de har lyst å stikka innom for ein prat eller berre for å sjå på aktiviteten i kvardagen vår.
PERSONALE
Personalet skuleåret 10/11 er:
Siri Randen Dagleg leiar
Bjørn Loftesnes
Jan Reidar Njøs
Siri Storevik
Else Reppen Lunde
Tor Talle
Hildur Stølen
Lærling
Vedtekter for SFO
Frileiken i Bjørnehiet SFO
Satsar for skulefritidsordninga 2010
Påmeldingsskjema for 2010 -2011 (Word)
Påmeldingsskjema for 2010 -2011 (PDF)
Påmeldingsskjema for sommar 2010 (Word)
Påmeldingsskjema for sommar 2010 (PDF)