Leikanger kyrkje frå kring 1250 er ei av dei eldre steinkyrkjene i landet. Kyrkja ligg fint til like ved Sognefjorden, og er no den einaste kyrkja i Leikanger kommune.
Kyrkja har gjennomgått fleire store ombyggingar gjennom tidene. Truleg var kyrkja utan tårn dei første 400 åra. Frå 1660-åra hadde kyrkja tårn og to våpenhus, og kyrkjeforvaltarane la mykje arbeid i vedlikehaldet. Frå 1724 var kyrkja i privat eige og forfallet tiltok. I 1868 kjøpte kyrkjelyden attende kyrkja og ombygginga kunne ta til. Kyrkja fekk nytt tårn og vart lys og moderne inni, men det vart lite att av mellomalderkyrkja. Den ombygde kyrkja vart vigd i 1872, og hadde då fått tilbygd nytt kor.
I tida mellom 1936 og 1960 gjennomgjekk kyrkja store ombyggingar og endringar, først interiøret og seinare eksteriøret. Sokneprest Sverre Daae var den sentrale drivkrafta i arbeidet med å få fram att den gamle kyrkja frå mellomalderen og 1600-talet.
Mange besøker kyrkja, og mange skriv helsingar i boka som ligg i våpenhuset. Kyrkja feira 750-års jubileum i 2002.
Boka om Leikanger kyrkje
Altertavla
Triumfkrusifikset
Døypefonten
Preikestolen
Orgelet
Oljemåleria
Klokkene
Kyrkjene i Leikanger før 1660
Kjelde:Terje Eggum 1999: Leikanger kyrkje. Skald AS