blank blank
LEIKANGER KOMMUNESTYRE

Så snart valoppgjeret er avslutta og mandatfordelinga er klar, skal det kallast inn til konstituerande møte. Dette møtet skal haldast innan utgangen av oktober månad i valåret.

Leikanger kommunestyre har 17 medlemar, valde for heile kommunestyre-perioden. Partifordelinga for representantane er slik:

Arbeiderpartiet - 7 medlemer
Senterpartiet - 3 medlemer
Venstre - 3 medlemer
Høgre - 2 medlemer
Sosialistisk Venstreparti - 2 medlemer

Det er det nyvalde kommunestyret som skal vedta budsjettet for komande år og stå føre val av ulike styre, råd og utval så lenge ikkje lov eller føresegner fastset noko anna.

LEIKANGER FORMANNSKAP

I konstituerande møte skal det veljast formannskap for kommunestyre-perioden blant medlemene i kommunestyret. Formannskapet skal i medhald av kommunelova handsame framlegg til økonomiplan og årsbudsjett og fastsetje skatteprosent i kommunen. Kommunestyret kan elles gjennom reglement fastsetje formannskapet sitt avgjersmynde i ulike saksområde.

Noverande formannskap vart valde ved eit valteknisk listesamarbeid mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Høgre på den eine sida og Venstre og Sosialistisk Venstreparti på den andre sida.

Utfallet av valet blei slik:

Olav Lunden og Birte Fossheim frå Arbeiderpartiet
Jarle Andersen frå Senterpartiet
Steinar Fredheim frå Høgre
Astri Taklo frå Venstre

VAL AV ORDFØRAR OG VARAORDFØRAR

Ordførar og varaordførar skal veljast for heile kommunestyreperioden. Ordførar leiar møta i kommunestyret og formannskapet og er kommunen sin rettslege representant og underteiknar på vegne av kommunen så lenge dette myndet ikkje er delegert til andre.
Ordførar har møte- og talerett i alle kommunale organ.

Ved ordførarvalet fekk Olav Lunden 17 røyster og var derved vald.

Som varaordførar vart Jarle Andersen vald med 14 røyster. 3 representantar røysta blankt.




Publisert av: Anja Hamre
Dato: 09/05/2008

Utskriftsvennleg dokument


Tilbake

Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 56 00, Fax: 57 65 56 08
Ansvarleg redaktør: Odd Arve Rakstad, Nettredaktør: Anja Hamre
Copyright © Leikanger kommune All rights reserved  •  Developed by TJ Group PLC

Leikanger kommune
Kontaktinformasjon:
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 Leikanger

Opningstid:
08.00 - 15.45
08.00 - 15.00 (1. mai - 14.sept.)

Epost: postmottak@leikanger.kommune.no
Tlf: 57 65 56 00
Fax: 57 65 56 08
Orgnr: 964967725
Direkte til:
Sist oppdatert:
Kontakt oss 
Politiske saker 
Postlister
Styre, råd og utval
Kart
Skjema
Ledige stillingar
Innspel
Møteplan
Ny i Leikanger?