Torsdag 24. juni held biblioteket ope for siste gang i noverande lokale. Biblioteket skal flyttast til nytt lokale, og bøkene må pakkast ned.
Me håpar at me kan få opna att i slutten av august, men nærmare informasjon om opning vert gitt seinare. Nytt lokale skal pussast opp og bøkene skal på plass.
Lånarar som har bøker frå biblioteket som dei ikkje får levert innan torsdag 24. juni kan behalde dei til biblioteket opnar att.
Lånarar som har bøker lånt inn frå andre bibliotek må levere dei attende innan fristen dei har fått. Etter at biblioteket har stengt, kan slike bøker leverast i serviceekspedisjonen i Tinghus I.
Biblioteket takkar for eit godt samarbeid med sine lånarar i dei noverande biblioteklokala og vonar på eit tilsvarande godt samarbeid i dei nye.
God sommar!