Helikoptertransporten gjekk smertefritt, og sjølve flyginga tok om lag ein times tid.

Det står framleis att ein del arbeid før hytta kan takast i bruk, og den vil vere låst inntil vidare. Arbeidet med å ferdigstille sjølve hytta er venta å ta ca. fire veker. I tillegg står det att ein del arbeid med å tilretteleggje området rundt hytta, samt stien til hytta.

Dagsturhytta er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga og kommunane. I løpet av 2019 skal alle kommunane i Sogn og Fjordane ha ei dagsturhytte, og målet med hyttene er å gjere det lettare for folk flest å komme seg ut på tur. Hytta skal også ha eit nynorsk turbibliotek, og fylkesbiblioteket legg mellom anna opp til forfattarbesøk og teaterframsyningar i eller ved hyttene.

De kan lese meir om dagsturhyttene her: http://www.sfj.no/dagsturhytta.430892.nn.html

Dagsturhytta - lasting på helikopteret  Dagsturhytta er kommen på plass  Dagsturhytta