I alt 100 ungdommar frå Sogn og Fjordane deltok på dansecamp i Cesenatico i Italia siste veka i juni, ni av desse frå Leikanger. Her fekk ungdommane delta på 8 kurs kvar med 8 ulike koreografar og pedagogar frå Norge og Italia. I alt vart 28 ulike kurs avvikla. Dans Utan Grenser og Ove Henning Solheim hadde henta inn dei beste koreografane innan ulike dansestilar. Avslutninga på dansecampen var eit forrykande utandørs danseshow med høgt tempo, utallege sceneskrifte, fantastiske kostymer og stor danseglede.


Dansegruppa LAVOVA  Dans uten grenser i Italia  Dansegruppa LAVOVA i Italia

Dansegruppa LAVOVA frå Leikanger