Meir informasjon og lenke til registreringsskjemaet finn du her

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefon

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokon få tilleggsspørsmål som skal besvarast.

Mange fordeler med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan me bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ein slik oversikt kan til dømes vere nyttig når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønna og brønnområdet. Oversikta gjer det mogleg for oss å vurdere omsyn til drikkevassskjeldene på eit tidleg tidspunkt. 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevassforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevassforskriften § 3, bokstav k.

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.